Skip to main content
 

Svensk kritikk mot norsk innleige av sjukepleiarar frå utlandet

16. september 2025

Utanlandske sjukepleiarar bergar norske vaktplanar. Av vel 100.000 sjukepleiarar i Noreg, kjem om lag 13.000 frå utlandet. No får den norske praksisen kritikk frå det svenske sjukepleiarforbundet. 

Noreg manglar tusenvis av sjukepleiarar og har gjort seg avhengig av å hente sjukepleiarar frå land som sårt treng dei sjølv.

– Den rike delen av verda må ta eit større ansvar for å utdanne sjukepleiarar for å dekke landa sine eigne behov. Det gjeld ikkje minst Noreg, som er eit av verdas rikaste land, seier forhandlingssjef i det svenske sjukepleiarforbundet – Vårdförbundet, Mathias Åstrøm.

Sverige manglar sjølv mange sjukepleiarar, og Åstrøm likar ikkje at vi lokkar svenske sjukepleiarar til Noreg. Det jobbar for tida 1500 svenske sjukepleiarar i Noreg, ifølgje Vårdförbundet.

Ferske tal frå Nav viser at Noreg manglar 3100 sjukepleiarar og at dette kan mangedoble innan 10 år. Av vel 100.000 sjukepleiarar i Noreg, kjem om lag 13.000 frå utlandet.

57 prosent kjem frå Europa, 28 prosent frå Asia og 12 prosent frå Afrika.

 

Nyhet