Tal frå SSB viser at 41 prosent av ukrainarane i alderen 20-66 år, og som har kome til Noreg etter Russland sin fullskalainvasjon, var i jobb i juli. Sysselsettingsandelen har auka mykje det siste året. På same tid i fjor, var 27 prosent av dei ukrainske fordrivne i jobb. Nesten 8 000 fleire har kome i jobb sidan den tid.