Skip to main content
 

Debatt: – Flyktningar og innvandrarar treng Norge og Norge treng dei

01. oktober 2025

– Norge manglar arbeidskraft i ulike bransjar og verksemder. Ei nærliggande løysing på problemet er auka innvandring til Norge, skriv Einar Rysjedal, leiar i Raudt Høyanger.

Utdrag frå innlegget:

Du kan ikkje lese ei avis utan å finne døme på mangel på arbeidskraft i ulike bransjar og verksemder. Det er for få sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, det er mangel på fagarbeidarar og ingeniørar, og det er for få utdanna lærarar og førskulelærarar.

Innvandring frå EØS-området har hittil løyst problema, men tilhøva i heimlandet som t.d. Polen, gjer at den innvandringa vil verte redusert, og arbeidsinnvandrarar reiser heim att. I tillegg har folk frå EØS-området mindre trong for hjelp enn mange asylsøkjarar og flyktningar.

Ei nærliggande løysing på problemet med mangel på arbeidskraft, er auka innvandring til Norge. Asylsøkjarar og flyktningar treng hjelp, og Norge treng arbeidskrafta deira. Dette er ein vinn – vinn situasjon. Vi hjelper folk som er i ein vanskeleg situasjon, og Norge får arbeidskraft.

Dette krev sjølvsagt satsing på norskopplæring og andre integreringstiltak, og dessutan eit tilbod om vidare utdanning etter norskopplæring.

Nyhet